Sophie

Sophie

distrib > Mandriva > current > x86_64 > by-pkgid > d58aa6ed085e243e8502e25a113915d3 > files > 398

tuxpaint-0.9.21-2mdv2010.2.x86_64.rpm

INSTALLERING.txt for Tux Paint

Tux Paint - eit enkelt teikneprogram for dei yngste.

Copyright 2002 Bill Kendrick
bill@newbreedsoftware.com
http://www.newbreedsoftware.com/tuxpaint/

27. juli 2002 - 5. november 2002


SYSTEMKRAV
----------
  Windows
  -------
    Windows-versjonen av Tux Paint inneheld alle dei nødvendige
    bibliotekfilene (i «.DLL»-format), så du treng ikkje lasta
    ned noko meir.

  libSDL
  ------
    Tux Paint brukar «Simple DirectMedia Layer Library» (libSDL),
    som er eit multimedieprogrammeringsbibliotek tilgjengeleg som
    open kjeldekode under «GNU Lesser General Public License» (LGPL).

    Tux Paint treng òg fleire SDL-hjelpebibliotek:
    SDL_Image (for grafikk), SDL_TTF (for skriftstøtte) og
    SDL_Mixer (valfritt - for lydeffektar).

    Linux/Unix
    ----------
      Kjeldekoden og RPM- og Debian-pakkar av SDL-biblioteka er tilgjengeleg.
      Du kan lasta ned alle filene frå:

        libSDL:      http://www.libsdl.org/
        SDL_Image:   http://www.libsdl.org/projects/SDL_image/
        SDL_TTF:     http://www.libsdl.org/projects/SDL_ttf/
        SDL_Mixer:   http://www.libsdl.org/projects/SDL_mixer/ (valfritt)

      Dei følgjer òg ofte med Linux-distribusjonar (enten på
      installasjons-CD-en eller gjennom pakkehandteringsprogramvare,
      som «apt-get» i Debian).

      Merk: Sørg for å installera «-devel»-utgåvene av pakkane du installerer,
      i tillegg til standardutgåvene. Installer for eksempel både
      «SDL-1.2.4.rpm» og «SDL-1.2.4-devel.rpm».

  Andre bibliotek
  ---------------
    Tux Paint brukar òg fleire andre frie LGPL-baserte bibliotek.
    Dei er vanlegvis allereie installert under Linux, eller enkelet
    tilgjengeleg frå distribusjonen du brukar.

    libPNG
    ------
      Tux Paint brukar PNG-formatet («Portable Network Graphics») for
      grafikkfiler. libPNG må vera installert for at SDL_image skal
      fungera.

        http://www.libpng.org/pub/png/libpng.html

    FreeType2
    ---------
      Tux Paint brukar skrifter i TTF-format («TrueType») for å
      skriva tekst.
      SDL_ttf treng FreeType2-biblioteket.

        http://www.freetype.org/

    gettext
    -------
      Tux Paint brukar lokaleinnstillingane saman med gettext-biblioteket
      for å visa brukargrensesnittet på fleire språk. Du må ha gettext-
      biblioteket installert.

        http://www.gnu.org/software/gettext/

    NetPBM-verktøya (valfritt)
    --------------------------
      NetPBM-verktøya blir brukt for utskrift under Linux og Unix.
      (Tux Paint lagar eit PNG-bilete, som så blir konvertert til
      PostScript-format ved hjelp av kommandolinjeprogramma pngtopnm
      og pnmtops.)

        http://netpbm.sourceforge.net/


Kompilering og installering
---------------------------
  Då Tux Paint er gjeven ut under «GNU General Public License» (GPL)
  (sjå «COPYING.txt» for meir informasjon), følgjer kjeldekoden med.

  Windows
  -------
    Kompilering
    -----------
      Tux Paint kjem ferdigkompliert for Windows, så du slepp å kompilera
      programmet på eiga hand. [Det vil komma informasjon om kompilering
      på Windows her - med tid og stunder. I mellomtida får du prøva å
      klara deg på sjølv.]

    Installering
    ------------
      Køyr installasjonsfila («.exe»-fila) og følg instruksjonane.

      Først må du godta lisensen. (Det er «GNU General Public License» (GPL),
      som òg er tilgjengeleg i «COPYING.txt».)

      Du blir så spurt om du vil installera snarvegar til Tux Paint i
      Start-menyen og på skrivebordet. (Dette blir gjort som standard.)

      Så må du velja kor du vil leggja Tux Paint. Standardmappa er grei,
      så lenge du har nok diskplass.

      Til slutt trykkjer du berre på «Install» for å installera programmet!

      Endra på innstillingane frå snarvegen
      -------------------------------------
      Høgreklikk på Tux Paint-snarvegen, og vel «Egenskapar» nedst frå
      menyen som dukkar opp.

      Sørg for at «Snarvei»-fanen er valt i dialogvindauget, sjå på
      «Målmappe»-feltet. Her skal det stå noko liknande:

          C:\Programfiler\TuxPaint\TuxPaint.exe

      Du kan no leggja til kommandolinjeval som blir tatt i
      bruk når du brukar ikonet.

      Eksempel: Viss du vil køyra programmet i fullskjerm, med enkle
      figurar (utan rotasjon) og på nynorsk, legg du til vala for dette
      etter «TuxPaint.exe»:

          C:\Programfiler\TuxPaint\TuxPaint.exe -f -s --lang nynorsk

      (Sjå «LESMEG.txt» for ei oversikt over kommandolinjevala du kan bruka.)

      Viss du skrive noko galt, eller all teksten forsvinn, kan du angra
      med «Ctrl + Z», eller bruka «Escape»-tasten til å lukka dialogvindauget
      utan å lagra endringane (med mindre du har trykt på «Bruk»-knappen!)

      Når du er ferdig, trykkjer du «OK».

      Viss noko går galt
      ------------------
      Viss ingenting skjer når du brukar snarvegen, er det sannsynlegvis
      fordi nokre av kommandolinjevala er feil. Opna eit Utforsker-vindauge
      som før, og leit etter ei fil som heiter «stderr.txt» i mappa der
      Tux Paint-programmet ligg.

      Denne fila inneheld informasjon om kva som gjekk galt. Vanlegvis
      er berre store bokstavar når du skulle brukt små, eller ein
      manglande bindestrek («-»).


  Linux/Unix
  ----------
    Kompilering
    -----------
      Merk: Tux Paint støttar ikkje autoconf/automake, så det finst
      ingen «./configure»-skript du kan køyra. Men kompileringa skal
      uansett gå lett, så lenge alle dei nødvendige tilleggsbiblioteka
      er installerte.

      Skriv følgjande frå kommandolinja for kompilera programmet:

        $ make

    Slå av lydstøtta ved kompilering
    --------------------------------
      Viss du ikkje har noko lydkort, eller føretrekkjer å bruka programmet
      utan lyd (og utan SDL-mixer-biblioteket), kan du køyra «make» med
      målet «nosound»:

        $ make nosound


    Ved feil
    --------
      Viss du opplever feil ved kompileringa, bør du sjekka at du har alle
      dei nødvendige tilleggsbiblioteka installert. Om du brukar ferdigpakka
      versjonar av biblioteka (som RPM-filer under RedHat og DEB-filer
      under Debian), må du sørgja for å ha tilhørande «-dev»- eller «-devel»-
      pakkar òg. Elles kan du ikkje kompilera Tux Paint (eller andre program)
      frå kjeldekoden.


    Installering
    ------------
      Viss ingen feil har oppstått, kan du no installera programmet på
      systemet. Som standard må dette gjerast som rotbrukar («superuser»).
      Byt til rotbrukar med kommandoen:

        $ su

      Skriv så inn passordet. Du er no rotbrukar (med ledeteksten «#»). Du
      kan så skriva følgjande for å installera programmet og datafilene:

        # make install

      Til slutt bør du bytta tilbake til vanleg brukar:

        # exit


      Merk: Som standard blir køyrefila «tuxpaint» lagt i katalogen
      «/usr/local/bin/». Datafilene (bilete, lydeffektar og liknande)
      blir lagt i katalogen «/usr/local/share/tuxpaint/».


      Velja filplassering
      -------------------
        Du kan velja kor filene skal leggjast ved å bruka «PREFIX»-
        variablane i «Makefile». «PREFIX» er grunnkatalogen som alle
        filene blir lagt under, og er som standard «/usr/local».

        Andre variablar
        ---------------
          BIN_PREFIX
            Katalogen til køyrefila «tuxpaint».
            (Standard: «$(PREFIX)/bin», altså «/usr/local/bin»)

          DATA_PREFIX
            Katalogen til datafilene (lydeffektar, grafikk, penslar,
            stempel og skrifter).
            (Standard: «$(PREFIX)/share/tuxpaint»)

          DOC_PREFIX
            Katalogen til dokumentasjonskatalogen («docs»-katalogen).
            (Standard: «$(PREFIX)/share/doc/tuxpaint»)

          MAN_PREFIX
            Katalogen til «man»-sida for Tux Paint.
            (Standard: «$(PREFIX)/share/man»)

          ICON_PREFIX                      $(PREFIX)/share/pixmaps
          X11_ICON_PREFIX                  $(PREFIX)/X11R6/include/X11/pixmaps
          GNOME_PREFIX                     $(PREFIX)/share/gnome/apps/Graphics
          KDE_PREFIX                       $(PREFIX)/share/applnk/Graphics
            Katalogen til ikona og programstartarane (for GNOME og KDE).

          LOCALE_PREFIX
            Katalogen til omsetjingsfilene for Tux Paint.
            (Standard: «$(PREFIX)/share/locale/»)
            (Filene blir lagt i eigne katalogar for kvart lokale, i
            «LC_MESSAGES» under lokalekatalogane, som «nn» for
            nynorskomsetjinga.)


Avinstallering
--------------
  Windows
  -------
    Viss du installerte snarvegane i Start-menyen (standard), går du berre
    til «TuxPaint»-mappa og vel «Uninstall». Det dukkar opp eit dialogvindauge
    som ber deg stadfesta at du vil avinstallera Tux Paint. Viss du er sikker
    på at du vil fjerna programmet, trykkjer du på «Uninstall»-knappen.

    Når avinstalleringa er fullført, trykkjer du på «Close»-knappen.

    Du kan òg bruka oppføringa «TuxPaint (remove only)» i «Legg til / fjern
    programmer» i «Kontrollpanel».

    Merk: Då teikningar blir lagra i same mappe som Tux Paint-programmet er
    installert i, blir ikkje denne mappa og «userdata»-undermappa fjerna.


  Linux
  -----
    Du kan bruka eit «Makefile»-mål i kjeldefilkatalogen (der du
    kompilerte Tux Paint) til å avinstallera programmet.
    Som standard må du gjera dette som rotbrukar («superuser»).
    (Sjå installasjonshjelpen ovanfor for meir informasjon.)

    Byt til rotbrukar med kommandoen:

      $ su

    Skriv så inn passordet for rotbrukaren. Du skal no vera logga
    inn som rotbrukar (med ledeteksten «#»). For å avinstallera
    programmet med datafilene (standardstempla blir òg fjerna viss
    dei finst), skriv du:

      # make uninstall

    Til slutt bør du logga ut og tilbake til vanleg brukar:

      # exit